
Denne boken er ikke på lager akkurat nå. Vi selger brukte bøker, og lageret endrer seg daglig.
Vi kjøper gjerne «Syng mig hjæm Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899». Send den inn via panteordningen og få butikkreditt du kan bruke på hva du vil hos oss – vi dekker frakten.
Pant denne bokenLegg igjen e-posten din, så sender vi deg en beskjed så fort vi får inn et eksemplar av «Syng mig hjæm Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899» av Edvard Hoem.
Ved inngangen til 1890-talet måtte Bjørnson konstatere at dei store kampsakene han hadde slåst for sidan ungdommen framleis ikkje hadde vunne fram. Venstre var splitta i to parti, og Høgre hadde overtatt regjeringsmakta. Bjørnson måtte ut på vegane igjen. På heimefronten var det dramatiske tider, Karoline vart meir og meir døv, og sonen Bjørns skilsmisse frå Jenny Sandberg skapte alvorleg usemje mellom ektefellene. Eit lyspunkt var det at gudsonen Sigurd Ibsen tok kontakt og vart ein viktig politisk samtalepartnar for Bjørnson, og han gifte seg med Bjørnsons dotter Bergliot. Samtidig forelska Bjørnson seg i pianistinna Erika Nissen, som han hadde kjent i tretti år. No innleidde Erika og han ein hektisk kjærleikskorrespondanse som i denne boka blir referert og sitert for første gong. Bjørnson-barna gjekk til opprør og fekk slutt på affæren. Paradoksalt nok kom den avbrotne romansen forfattaren og avispolemikaren Bjørnson til gode. Tre års opphald utanlands for å koma unna skandale og strid, opna auga hans for dei store internasjonale stridsspørsmåla, fredsspørsmålet, spørsmålet om terrorismen som politisk strategi og rettsprosessen mot den franske offiseren Alfred Dreyfus. Frå utlandet skreiv han glitrande analysar i internasjonale aviser. Samtidig greip han kraftfullt ordet for Norges sak i den tilspissa unionsstriden med Sverige. Teaterstykka Over Ævne II (1895) og Paul Lange og Tora Parsberg (1898) førte igjen namnet hans ut på dei europeiske scenane. Året 1899 tona ut med opninga av Nationaltheatret, der Bjørnson sat saman med Henrik Ibsen på første losjerad. I ein siste stor artikkel til fordel for Dreyfus avdekte Bjørnson røtene til antisemittismen, som han karakteriserte som ei gift for Europas folk.
Miljøvennlig valg: Ved å kjøpe brukte bøker gir du litteraturen nytt liv og reduserer miljøpåvirkningen. Bokverden.no er Norges ledende nettbutikk for bærekraftig bokhandel.
Rask levering i Norge: Vi sender raskt til hele Norge med pålitelig levering. Alle bøker er nøye inspisert og beskrives ærlig med hensyn til stand og kvalitet.