
Denne boken er ikke på lager akkurat nå. Vi selger brukte bøker, og lageret endrer seg daglig.
Vi kjøper gjerne «Hus om natta». Send den inn via panteordningen og få butikkreditt du kan bruke på hva du vil hos oss – vi dekker frakten.
Pant denne bokenLegg igjen e-posten din, så sender vi deg en beskjed så fort vi får inn et eksemplar av «Hus om natta» av Tormod Haugland.
Huset var her frå før. Eg kjøpte det av farfar, og sidan møtte eg A, og då vi var ferdige med å studere, flytta vi etter ei stund inn i det. Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid. Og vi budde i huset med bøkene og bileta. Vi prøvde å flytte inn i bøkene og bileta, slik vi hadde drøymt om. I fargane og bokstavane. ?Hus om natta? er ei bok med korte prosatekstar og teikningar som handlar om hus, om lys og mørke, om landskap og årstider, dyr og natur, om skyene sine skiftande former og strukturar og alt som veks: tre, buskar og blomster, om møbler, reiskapar, bilete og bøker, om søvnløyse og det å gå i søvne, om ting som kan gøymast, som kan verte borte og forsvinne, og om å leve og arbeide saman og kvar for seg i dei same romma. ?Hus om natta? er eit samarbeid mellom biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland. Teikningane er frå serien Nattstudier (2017-), laga med fargeblyantar på svart papir. Tekstane har ulike format, frå dikt på få linjer til forteljingar på to-tre sider. Både bileta og tekstane har forteljingar i seg, dei er små forteljingar som ofte faldar seg ut og ber i seg lengre tidsrom.
Miljøvennlig valg: Ved å kjøpe brukte bøker gir du litteraturen nytt liv og reduserer miljøpåvirkningen. Bokverden.no er Norges ledende nettbutikk for bærekraftig bokhandel.
Rask levering i Norge: Vi sender raskt til hele Norge med pålitelig levering. Alle bøker er nøye inspisert og beskrives ærlig med hensyn til stand og kvalitet.