
Denne boken er ikke på lager akkurat nå. Vi selger brukte bøker, og lageret endrer seg daglig.
Vi kjøper gjerne «Harpe og sverd Litteraturhistoriske essay om den norske balladen». Send den inn via panteordningen og få butikkreditt du kan bruke på hva du vil hos oss – vi dekker frakten.
Pant denne bokenLegg igjen e-posten din, så sender vi deg en beskjed så fort vi får inn et eksemplar av «Harpe og sverd Litteraturhistoriske essay om den norske balladen» av Olav Solberg.
Denne boka er ei essaysamling om den norske balladen, men handlar også om balladar (folkeviser) frå andre nordiske land. Mange oppfattar den norske balladen som noko av det norskaste som finst, nærmast eit uttrykk for folkesjela. Men balladesjangeren har europeiske røter, dei går attende til 1200-talet. Denne problemstillinga drøfter forfattaren særleg i det første essayet. I det andre essayet skriv forfattaren om dei norske balladesongarane, kvar dei kom frå, korleis dei levde, kva for tradisjon dei representerte. Det tredje essayet handlar om troll og balladar, og i det fjerde essayet ser forfattaren nærmare på to danske vise-og balladebøker, den såkalla Hundreviseboka, utgjeven av Anders Sørensen Vedel (1591) og Peder Syvs oppfølgjar Tohundreviseboka (1695). Det femte essayet handlar om identitet og balladedikting. Eit sentralt spørsmål her er korleis balladediktarane og tradisjonen byggjer opp identiteten til aktørane i balladen. Vidare i det sjette essayet skriv forfattaren om naturmytiske balladar. Det sjuande essayet handlar om ei gruppe viser som lenge vart underkjende av forskinga, skjemteballadane. Her trekker forfattaren fram nokre representative skjemteballadar og skjemteeventyr, desse tekstane blir drøfta på bakgrunn av teoriar om komikk og latter. I siste del av 1700-talet vart dei gamle folkevisene gjenoppdaga av eit nytt litterært publikum, og det vart i mange land dikta kunstballadar som bygde på den gamle tradisjonsdiktinga. I det åttande essayet drøfter forfattaren nokre sentrale kunstballadar frå fleire europeiske land, blant dei viser som ettertida har forvist til skillingsvisekategorien.
Miljøvennlig valg: Ved å kjøpe brukte bøker gir du litteraturen nytt liv og reduserer miljøpåvirkningen. Bokverden.no er Norges ledende nettbutikk for bærekraftig bokhandel.
Rask levering i Norge: Vi sender raskt til hele Norge med pålitelig levering. Alle bøker er nøye inspisert og beskrives ærlig med hensyn til stand og kvalitet.