
Denne boken er ikke på lager akkurat nå. Vi selger brukte bøker, og lageret endrer seg daglig.
Vi kjøper gjerne «Handbok i norrøn filologi». Send den inn via panteordningen og få butikkreditt du kan bruke på hva du vil hos oss – vi dekker frakten.
Pant denne bokenLegg igjen e-posten din, så sender vi deg en beskjed så fort vi får inn et eksemplar av «Handbok i norrøn filologi» av Odd Einar Haugen.
Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. Handboka gjev lesarane ei innføring i alle dei sentrale emna i den norrøne filologien om handskrifter, om teksttolking, om runer, om språkleg utvikling og variasjon, om namn og nemne, om dikt og soger, og dessutan om den gamle gudelæra. Ved sida av å vere ein kunnskapsbank for norrønfilologar er boka ei rik kjelde til norsk og islandsk kultur- og teksthistorie i vid forstand. Forfattarane gjev oss innblikk i den mangfaldige norrøne litteraturen og brytinga mellom den gamle åsatrua og kristendommen. Vi får òg vite kva slags skinn som er best eigna i bøker, om korleis dokument vart kopierte for å forhindre forfalsking, om hemmeleg runeskrift og mykje anna. Den tilgjengelege framstillingsforma og fargeillustrasjonane gjer boka til eit lesarvennleg og fascinerande møte med den norrøne kulturen. Andreutgåva av Handbok i norrøn filologi er gjennomgåande revidert og har tre heilt nye kapittel.
Miljøvennlig valg: Ved å kjøpe brukte bøker gir du litteraturen nytt liv og reduserer miljøpåvirkningen. Bokverden.no er Norges ledende nettbutikk for bærekraftig bokhandel.
Rask levering i Norge: Vi sender raskt til hele Norge med pålitelig levering. Alle bøker er nøye inspisert og beskrives ærlig med hensyn til stand og kvalitet.